
Elektrisk framdriftssystem BLUEDRIVE PlusC frå Siemens senkar driftskostnadene
Ulstein leverer fleksibelt vindstøttefartøy til BS Offshore
Då Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) og klienten deira, Siemens, i 2015 kontraherte eit vindstøttefartøy frå Ulstein Verft, såg dei fordelen av å ha skipdesignarane og byggjeverftet på éin stad. No er fartøyet ferdigstilt, og vart levert 23. juni 2016.
- Vi vurderte fleire verft over heile verda, men Ulstein Verft var vårt endelege val. Vi såg fordelen av å ha skipsdesignselskapet og verftet på éin stad. Ulstein har også den same tilnærminga som vi har – å alltid strekkje seg litt lenger for å glede sluttkunden, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore GmbH.
Elektrisk framdriftssystem
Det elektriske framdriftssystemet BLUEDRIVE PlusC ™ frå Siemens senkar driftskostnadene ved å kutte motortida på nominelt turtal og redusere talet påkravde elektriske komponentar. Utsleppa er reduserte ved å optimalisere forbrenninga.
- Saman har vi utvikla ei fleksibel og effektiv skipsløysing for offshore vindservicemarknaden, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og leiar for marknad og innovasjon i Ulstein Group.
- Prosjektframdrifta har vore god, og kombinasjonen av dei kompetansane som ligg i dei ulike selskapa har ført til fruktbare diskusjonar. Vi er glade for at vi til avtalt tid leverer dette nyutvikla vindstøttefartøyet, og er sikre på at det kjem til å gjere ein god jobb for BS Offshore og Siemens.
Stille om bord
Under prøveturen kommenterte det komande mannskapet skipet sine rolege rørsler og svært lave nivå av støy og vibrasjonar. Alt dette er viktige faktorar til eit skip som har som ei av sine hovudoppgåver å transportere serviceteknikarar til Gemini Offshore Wind Park, 85 kilometer nord for den nederlandske provinsen Groningen og ein fem-timars tur frå land.
Fleksibel
Det nye hekkdesignet X-STERN bidreg til skipet sin fleksibilitet. På prøveturen greidde skipet å halde god fart både framover og bakover, og det er lett å manøvrere begge vegar.
Sikker overføring
Fartøyet er utstyrt med to variantar av korleis teknikarane skal kome seg over til vindturbinane - eit integrert Uptime hivkompensert gangbrusystem og eit dotterfartøy med kapasitet på 10 personar.
Kapasitet
Lastekapasiteten er godt utnytta. Reservedelar og utstyr kan bli transporterte i konteinarar, seks på dekket og seks under dekket.Skipet har gode verkstadsfasilitetar. Innreiinga er for 60 personar i enkeltlugarar, av desse er 40 tileigna teknikarar.
X-effekt
Skrogdesignelementa X-STERN og X-BOW aukar operabiliteten gjennom positive effektar på å halde posisjon, bølgjerespons, komfort og sikkerheit, og gir redusert effekt og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjon).
Jotun runder 100 år, bygger én ny fabrikk i året
Jotun har 40 produksjonsanlegg over hele verden. Globale avtaler for automatisering og intern standardisering står sentralt, men det lokale markedet der anleggene bygges er styrende for automatiseringsgraden.
Fyrtårn for maritim autonomi og fjernstyring
Båtene som opereres fra verdens første fjernstyringssenter for maritime operasjoner nærmer seg full autonomi med stormskritt. Flytting av gods fra land til sjø og mannskapsmangel er blant driverne for stadig nyvinninger til sjøs.
Våtkalibrerer alle mengdemålere for beste målenøyaktighet
Brandstory
KROHNE Altometer produserer et sekssifret antall avanserte mengdemålere årlig, hver eneste blir våtkalibrert for best mulig nøyaktighet.
Solid kalibreringsregime for prosessinstrumenter gir produksjonsløft
Etter at Grans Bryggeri startet med strukturert kalibrering av prosessinstrumenter og overgang til mer tilstandsbasert vedlikehold av prosessutstyret, har leveringsgraden økt fra 92 til 98 prosent i produksjonen.











