Ulstein Segment_Power crop

Gledeleg å få denne kontrakten i ein vanskeleg marknad

Ulstein-kontrakt på systemleveransar

Ulstein Power & Control har vunne ein kontrakt med AVIC Weihai Shipyard Co. Ltd. på levering av kraft- og kontrollsystem til to ‘subsea rock installation’-fartøy for Jan De Nul Group.

Fartøya skal nyttast til å legge beskyttande stein over kablar og strukturar på havbotnen på djupner ned til 600 meter.

- Dette er ein viktig kontrakt for Power & Control-området, som frå før har solid erfaring innan offshoresegmentet, men som med denne kontrakten kjem inn på eit nytt segment. Dette viser at løysingane er konkurransedyktige og fleksible. Det er svært gledeleg  å få denne kontrakten i ein vanskeleg marknad,  seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. Ho legg til at Ulstein Group nyleg har levert design og løysingar til denne typen skip.

Leveransen frå Ulstein Power & Control inkluderer Power-pakka (den elektriske pakka) som inneheld generatorar, tavler, motorkontrollsenter, thrustermotorar og frekvensomformarar, automasjonssystemet ULSTEIN IAS®, DP-system og kontrollsystemet til thruster, og dessutan arbeidet med å starte opp systema.

Systemintegrasjon
Det blir stilt store krav til systemintegrasjon for å kunne sette saman og levere slike produktpakkar, og administrerande direktør Gunnar H Hide i Ulstein Power & Control kommenterer kontrakten slik:

- Løysingane og produkta i ein systempakke skal vere sikre, miljøvenlege og kostnadseffektive. Med ein felles innsats frå hovudkontoret i Noreg og selskapet vår i Kina, greidde vi å vinne kontrakten ut frå ei totalvurdering av pris, leveringstid, funksjonalitet og kvalitet på systema. Vi er svært takksame for tilliten frå AVIC Weihai Shipyard og Jan De Nul Group, seier han.

Ulstein skal levere produkta og systema i 2016. Skipa skal leverast frå verftet i 2017. Dei måler 95 meter i lengda og 22 meter i breidda.

Jan De Nul Group, med hovudsete i Luxemburg, er ein ekspert på mudring og marin anleggsverksemd, og i spesialiserte tenester til offshoreindustrien.

AVIC Weihai Shipyard Co Ltd ligg i Shandong-provinsen i Kina. Verftet vart etablert i 1951, og starta med å byggje fartøy til den internasjonale marknaden i 1998.

Ulstein Group er eit konsern med fleire maritime bedrifter med hovudvekt på skipsdesign og maritime løysingar, skipsbygging, kraft- og kontrollsystem og shippinginteresser.

 

Jotun runder 100 år, bygger én ny fabrikk i året

Jotun runder 100 år, bygger én ny fabrikk i året

Jotun har 40 produksjonsanlegg over hele verden. Globale avtaler for automatisering og intern standardisering står sentralt, men det lokale markedet der anleggene bygges er styrende for automatiseringsgraden.

Fyrtårn for maritim autonomi og fjernstyring

Fyrtårn for maritim autonomi og fjernstyring

Båtene som opereres fra verdens første fjernstyringssenter for maritime operasjoner nærmer seg full autonomi med stormskritt. Flytting av gods fra land til sjø og mannskapsmangel er blant driverne for stadig nyvinninger til sjøs.

Glad lederkvartett på KROHNE Altometer viser fram eksempler på innovativ måleteknikk, fra venstre: Leon de Borgie, Martijn Panis, Lars Lemke og Dominique Basson.

Våtkalibrerer alle mengdemålere for beste målenøyaktighet

Brandstory

KROHNE Altometer produserer et sekssifret antall avanserte mengdemålere årlig, hver eneste blir våtkalibrert for best mulig nøyaktighet.

Solid kalibreringsregime for prosessinstrumenter gir produksjonsløft

Solid kalibreringsregime for prosessinstrumenter gir produksjonsløft

Etter at Grans Bryggeri startet med strukturert kalibrering av prosessinstrumenter og overgang til mer tilstandsbasert vedlikehold av prosessutstyret, har leveringsgraden økt fra 92 til 98 prosent i produksjonen.