Ulstein-Power-and-Control-c

Digitalisering av skip

Kontrakt på komplette systemleveransar til yacht

Ulstein Power & Control AS har signert kontrakt på levering av komplette system til yachten som skal byggast på Ulstein Verft. - Det er svært gledeleg at vi har klart å hale i land ei så viktig kontrakt for fartøyet, seier Gunnar H. Hide, administrerande direktør i Ulstein Power & Control.

Leveransen til yachten inkluderer fleire komplette pakkar med system for automasjon, overvaking og kontroll (ULSTEIN IAS™), kommunikasjon (ULSTEIN COM™), integrert bruløysing (ULSTEIN BRIDGE™), distribusjon og propulsjon av kraftsystem (ULSTEIN POWER™), dynamisk posisjonering og kraftkontrollsystem (ULSTEIN PMS™).

- Kontrakten vil sikre oss mykje godt arbeid. Det har vore tett konkurranse med mange store aktørar, og at vi får levere heile denne pakken viser at vi ikkje berre er konkurransedyktige på pris, men også ved at vi kan levere topp moderne system og løysingar som førebur skip på den digitale framtida. Dette synest sjølvsagt vi er veldig stas, seier Hide.

Digitalisering av skip
ULSTEIN IAS™ er bygde på den nye systemarkitekturen ULSTEIN X-CONNECT™. Denne arkitekturen løfter produkt for marin kontroll, alarm og overvåking til ein ny og mykje meir fleksibel og skalerbar standard. I tillegg opnar ULSTEIN X-CONNECT for effektiv skip-til-land overføring av data. Dataene vert analyserte og tolka slik at ein kan hente ut verdifull informasjon som til dømes kan brukast til beslutningsstøtte, vedlikehald og optimalisering av skipsoperasjonar.

Sikrare marine operasjonar
- ULSTEIN IAS er utvikla med brukaren i sentrum, der enkel og effektiv brukarstøtte har vore fokus. Vi ser at mange ulykker skjer pga menneskelege feil der beslutningsstøtta i stressa situasjonar ikkje er god nok. Vi ynskjer vi å bidra til å få ned tal ulykker og sikre berekraftige marine operasjonar for våre kundar, avsluttar Hide.

Ulstein Power & Control har selt fleire system med X-CONNECT tidlegare.

Rune Dalby, Endress+Hauser

Endress+Hauser styrker laget med ny salgsingeniør

Endress+Hauser Norge fortsetter å satse på vekst og kompetanse, og har nylig ansatt Rune Dalby som ny salgsingeniør. Han startet i stillingen 1. september 2025 og har sin base ved selskapets hovedkontor på Tranby.

Phoenix Contact Uno Power-strømforsyninger med Push-in-tilkobling

Uno Power-strømforsyninger med Push-in-tilkobling

Kompakte, energieffektive og pålitelige – nå med utvidet spenningsområde

Trygve Dirdal var med å installere trådløs temperaturovervåking av kritiske varmekabler for impulslinjene til sikkerhetsventiler på Sleipner A tidlig på 2010-tallet (Illustrasjonsfoto: Øyvind Gravås og Bo B. Randulff/Equinor).

Med siktet innstilt på forbedring og forenkling av instrumenteringen

Profilen – Trygve Dirdal, fagleder instrumentering, Equinor

Han elsker å løse tekniske utfordringer, gjerne i team. Forenkling og forbedring står høyt i kurs, men det må ligge et «business case» bak når ny teknologi skal i sving.

Robert Aasen Kverndalen er utnevnt til salgssjef på avdeling Fabrikkautomasjon i Pepperl+Fuchs.

Ny salgssjef for fabrikkautomasjon i Pepperl+Fuchs

Robert Aasen Kverndalen er utnevnt til salgssjef på avdeling Fabrikkautomasjon i Pepperl+Fuchs.