
Bransjens største servicenettverk for maritimt livredningsutstyr
Harding vann omfattande rammeavtalar
Harding har dei siste vekene signert tre store og strategisk viktige rammeavtaler med Statoil, Petrobras og A.P. Møller Mærsk. – Fantastisk, seier Harding-direktør Styrk Bekkenes.
Med bransjens største servicenettverk for maritimt livredningsutstyr, er Harding godt posisjonert for å utføra service og vedlikehald på skip og offshoreinstallasjonar i alle deler av verda. Signeringa av tre nye rammeavtaler gir det globale nettverket regelmessige oppdrag for shippinggiganten A.P. Møller Mærsk og oljeselskapa Statoil og Petrobras dei neste fem åra.
- Dette vitnar om at vår globale satsing på å vere ein totalleverandør både av utstyr og komplette servicetenester er ei rett prioritering for selskapet, seier Styrk Bekkenes, administrerande direktør i Harding.
Statoil er Hardings største kunde på norsk sokkel, med meir enn 120 livbåtsystem i drift. Selskapet har no inngått ein rammeavtale med Harding som omfattar leveransar av livbåtsystem til nye installasjonar, utbytting av livbåtsystem på eksisterande installasjonar samt ombyggingar, modifikasjonar, vedlikehald og onshore services. Avtalen går over fem år, med opsjon på ytterlegare tre pluss tre år.
Med brasilianske Petrobras, verdas tredje største oljeselskap, har Harding inngått ein flåteserviceavtale som omfattar 68 livbåtar frå ulike produsentar. 13 av desse er installert på plattformar. Harding si oppgåve blir å utføra periodiske inspeksjonar, testar og vedlikehald.
- Avtalen er starten på eit langsiktig samarbeid med Petrobras, og har stor strategisk verdi for satsinga vår i den brasilianske marknaden, framhevar Bekkenes.
Den globale shippinggiganten A.P. Møller Mærsk har signert ein rammeavtale med Harding som omfattar utskifting av livbåtkrokar på store delar av flåten deira. I første omgang skal 82 skip med til saman 164 livbåtar utstyrast med nye kroker, som er ein vital komponent i utsetjingsarrangementa for lårelivbåtar. Med nye krokar installert, vil livbåtane oppfylla dei nye tryggleikskrava som er nedfelt i det internasjonale MSC 1392-regulativet. Rammeavtalen med A.P. Møller Mærsk omfattar også regelmessige inspeksjonar av livredningsutstyret på alle Mærsk-skip kvart femte år, samt leveransar av reservedeler.
- At vi inngår denne avtalen med eit av verdas største rederi innafor shipping og offshore er ei fjør i hatten for Harding. Vi har jobba lenge med denne kontrakten, sjølvsagt i skarp konkurranse med fleire andre gode tilbydarar og eg trur at vår satsing på å vere tilstade for kundane våre globalt, har vippa denne i vår favør, seier Styrk Bekkenes.
Signerte rammeavtale med Statoil
Statoil Petroleum er Harding sin største kunde på norsk sokkel, med meir enn 120 livbåtsystem i drift. Selskapet har no inngått ein rammeavtale med Harding som omfattar leveransar av livbåtsystem til nye installasjonar, utbytting av livbåtsystem på eksisterande installasjonar, modifikasjonar, vedlikehald og onshore tenester. Avtalen går over fem år, med opsjonar på tre pluss tre år.
- Styrka partnarskap
Styrk Bekkenes, administrerande direktør i Harding, er svært nøgd med rammeavtalen.
- Me har samarbeidd med Statoil på norsk sokkel i mange år, mellom anna i store utbyggingsprosjekt som Gullfaks, Oseberg og Troll. Rammeavtalen styrker partnerskapet mellom Statoil og Harding, som i sum handlar om å styrkja tryggleiksnivået for dei mange som jobbar offshore på Statoil sine installasjonar, slik at dei har trygt evakueringsutstyr under alle vêrtilhøve, seier Bekkenes.
Ny teknologi har gjort det mogleg å utvinna meir olje og gass frå felt som allereie er i produksjon, noko som har ført til at mange norske offshoreinstallasjonar og livbåtsystema deira gjennomgår omfattande program for auka levetid.
Noreg eksporterer tryggleik
Harding er den globale marknadsleiaren for maritime livredningssystem, med ei solid merittliste av leveransar til offshoreinstallasjonar, cruise- og handelsskip over heile verda. Den norske sokkelen utgjer Harding sin største enkeltmarknad for offshoreprodukt og tenester, og selskapet har i dag meir enn 220 livbåtar installert på over 50 installasjonar i Nordsjøen.
I 2011 utvikla Harding FF1200, det første livbåtsystemet som oppfylte krava i den nye offshorestandarden DNV-OS-E406. Denne standarden er spesialutvikla av den norske offshoreindustrien for den norske kontinentalsokkel. Etter kvart som den globale offshoreindustrien i stadig aukande grad ser til Noreg som målestokk for tryggleiken til havs, kan DNV - OS - E406 også bli ei viktig global drivkraft også for den norske leverandørindustrien. Dei siste to åra har det vore ein klar trend at offshoreprosjekt utanfor norsk sokkel, særleg i britisk og australsk sektor, vert bygde ut etter DNV-OS-E406-spesifikasjonen framfor den vanlege IMO-standarden.
Johan Castberg-feltet forsinket
Equinor og partnerne Vår Energi og Petoro forventer oppstart av Johan Castberg-feltet i januar/februar 2025. Dårlig vær gjør at oppstarten av Johan Castberg utsettes med et par måneder.
Ny Emerson Flushing Ring
TESCOM AGI Flushing Ring fra Emerson med modulær montering for bruk ved skylling. Ved å gi en fullstendig og modulær ventilmontering med et enkelt delenummer effektiviserer skylleringen i AGI BR-serien bestilling og legger til rette for enkel bestilling på nytt med bestemte testkrav fra kunder. Både de tradisjonelle ringene i BRS «sandwich»- og BRW «wafer»-stil er tilgjengelig, samt BR7-designet i «integrert deksel», som omfatter lufting/skylling i selve flensringen.
Slangerobot kan ha avdekket større mengder skjult ammunisjon
Det kan ligge mer ammunisjon i Mjøsa enn tidligere antatt, viser nytt videomateriale. I tillegg mener forskerne nå å kunne si mer om hvilket type fartøy «Storfjordvraket» er. Forskningsprogrammet Oppdrag Mjøsa fikk for alvor vind i seilene da undervannsfarkosten «Hugin» saumfarte bunnen av Norges største innsjø i 2022.
Utvikler bedre dronekontroll – får innovasjonsstøtte
De vil gjøre det enklere å styre droner over og under vann. Nå får Kongsberg Discovery støtte fra DOGA for å bruke designmetodikk til å tenke nytt om ubemannede droner. Designmetodikk er i vinden, og DOGA oversvømmes av søknader fra virksomheter som ønsker støtte fra Designdrevet innovasjonsprogram (DIP). Blant søkerne som slapp gjennom nåløyet i år finner vi Kongsberg Discovery.